Borger Andersson

Mann 1633 - Ja, ukjent dato


Personlig informasjon    |    Kilder    |    Hendelseskart    |    Alle    |    PDF

  • Navn Borger Andersson 
    Født 1633  Førde, Sogn og Fjordane, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet  [1
    Kjønn Mann 
    Død Ja, ukjent dato 
    Notater 
    • «b»Frå det gamle gardssamfunnet - Bondeleiaren Borger Byrkjeland
      «/b»I 1680- og 90-åra ser vi spor etter ei bondereising i Sunnfjord. Bøndene var hardt plaga med ymse utIoger; skattar, hærteneste, skyssplikt o.a. Og uærlege embetsmenn kunne ture fram for å auke inntektsgrunnlaget sitt. Dette var bakgrunnen for at Borger Byrkjeland i 1683 gjorde ei reis til Bergen og København med klagemål på vegner av allmugen i Sunnfjord. Bøndene hadde vorte samde om å dekkje utlogene for Borger og samla inn pengal' til han. Men dette skulle Borger få bal med i lang tid, sjølv om det i 1684 vart gjeve kongebod som skulle sege ein stoppar for at embetsmennene kom med urimelege pengekrav.
      På vårtinget i 1684 forbaud futefullmektigen folket å gje Borger pengar, og han truga med fengsel dei som gav urettkomne pengar. Borger spurde då allmugen på tinget om nokon kunne klage han for å vere opprørsk eller om han hadde oppmoda nokon til uro. Alle svarte at så ikkje var tilfelle. På same tinget vart Borger stemna for skatten frå 1680 og for til saman 24 rdl i lånte pengar. Borger nekta ikkje for å ha lånt pengane, men han hadde brukt dei på vegner av allmugen på reisene sine. Og han hadde enno ikkje fått noko att hjå allmugen. Men han vart dømd å betale.
      Også på hausttinget i 1684 vart Borger på nytt innklaga. Fullmektigen over Svanegodset skulda han for å ha kravt inn pengar frå bøndene, slik at dei ikkje var i stand til å svare skattane. Borger svarte at han hadde løyve frå amtmannen til å få betaling hjå allmugen for den reisa han hadde gjort til København. Og om fullmektigen ville stemna han, fekk han gjere det for amtmannen eller kongen. Ellers ville han ikkje svare han. Borger lovde innan nyttår å levere rekneskap for reisa om fullmektigen fekk ordre om dette frå amtmannen. Fire sambygdingar garanterte at Borger skulle vere til stades. Dessutan lovde Borger å betale bygselen for jorda som han var frådømd, slik at sonen kunne nyte jorda.
      Så høyrer vi ikkje meir til saka på nokre år, men på vårtinget i 1697 vart skatterestansen opplesen. Ingen kunne motseie noko til dette, unnateke Borger Byrkjeland. Han sa at han kunne ikkje nekte dersom han vart kravd etter avrekninsboka si. Men han meinte han hadde 5 rdl til gode hjå salig Jens Berentzen, futen. Dessutan hevda Borger at han åtte 4 rdl i ein kjel som stod på Svanøya. Han meinte at ombodsmannen ikkje kunne gå frå noko av dette. Lensmannen, Jakob Naustdal, kravde seinare på tinget at dei som ikkje betalte restansen, skulle misse bygselen sin. Men Borger vart unnateken og fekk sjanse til neste ting å prove saka si . Seinare i tingseta spurde lensmann Borger kven som førre år hadde gjeve han pålegg om å samle inn allmugen sine bøler. Og han ville også vite kven som hadde gjeve pålegg om å samle inn smør, kor mykje og kven det vart levert til.
      Det som truleg låg attom dette tilhøvet, var at nye skattar og pålegg kom til, og mange bønder skulda skatt for 1695 og -96. I alle tinglaga hausten 1697 kunngjorde Svane-futen at dei som ikkje makta betale, skulle drivast frå gardane. I samband med desse vanskane må Borger ha gjort ei ny ferd til Bergen og København. Og det må vere for å finansiere ferda han samla inn smør og avrekningsbøkene åt bøndene.
      Det er liten tvil om at Borger nådde fram med klagemåla, sjølv om vi vanskeleg kan påstå at det berre var på grunn av hans innsats Men i alle fall vart det den 17. september 1697 skrive ut kongeleg resolusjon som innebar eit skatte avtak på vel 225 rdl på Svane-gardane i heile Sunnfjord. For kvar laup i landskyld vart det gjeve skatte avtak på 52 skilling, og i heile Naustdal fekk 136 brukarar eit samla avslag i skatten på 42 rdl. Og dette skatteavtaket vart lese opp på tinget i Naustdal 8. februar 1698.
      (Kilde: Geir Kleivland (1997): «i»Naustdal Bydebok - Gards og ættesoge«/i» Band II, Gården Byrkjelnd, s. 576)
    Person ID I6757  Cathrines Slekt
    Sist endret 1 Feb 2014 

    Far Anders,   f. Omkr 1600, Naustdal, Sogn og Fjordane, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. Ja, ukjent dato 
    Mor Fru Ander,   f. Omkr 1600, Naustdal, Sogn og Fjordane, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. Ja, ukjent dato 
    Gift Før 1633  Naustdal, Sogn og Fjordane, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Famile ID F773  Gruppeskjema  |  Familiediagram

    Familie Fru Borger Andersson Byrkjeland,   f. Omkr 1640, Naustdal, Sogn og Fjordane, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. Ja, ukjent dato 
    Gift 1658  Naustdal, Sogn og Fjordane, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet  [2
    Barn 
     1. Eli Borgersdotter Byrkjeland,   f. 1661, Byrkjeland, Naustdal, Sogn og Fjordane, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. Ja, ukjent dato
     2. Ola Borgersson Byrkjeland,   f. Omkr 1665, Naustdal, Sogn og Fjordane, Norway Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. Ja, ukjent dato
    Sist endret 21 Feb 2013 
    Famile ID F772  Gruppeskjema  |  Familiediagram

  • Hendelseskart
    Link til Google MapsGift - 1658 - Naustdal, Sogn og Fjordane, Norway Link til Google Earth
     = Link til Google Earth 

  • Kilder 
    1. [S17] Nausdal Bygdebok Bind 2, Geir Kleiveland, (Publicher: Nausdal Sogelag 1995), Gården Byrkjeland, s. 586 (Troverdighet: 3).

    2. [S17] Nausdal Bygdebok Bind 2, Geir Kleiveland, (Publicher: Nausdal Sogelag 1995), Gården Fimland, s. 481. (Troverdighet: 3).